Foto: Elisabeth Erikson. Nordiska museet.

 

Den pitesamiske drakttradisjonen hører, som pitesamisk kultur generelt, heime i området kring Saltfjellet og Sør-Salten så vel som i store deler av Pite lappmark i Svensk Lappland. I likheit med ume- og sørsamisk drakttradisjon så vel som deler av lulesamisk drakttradisjon, har den pitesamiske kofta oftast djup v-hals. Det mest kjennspake trekket elles i den pitesamiske drakta som er vanlig i dag er den fleirfarga borden, ofte med sikksakkmønster, langs splitten frampå kofta og ved enden av erma. På eldre kofter er borden gjerne smal, mens han kan vere svært brei på nyare kofter.

Slähppá (bringekledet) er gjerne dekorert med tinntrådbroderi på fleirfarga bakgrunn, ikkje berre på kragen som vanlig i lulesamisk drakttradisjon, men i eit stort kvadratisk felt på bringestykket, slik som det òg førekjem i lulesamisk og er vanlig i sørlig sørsamisk drakttradisjon.

Pitesamiske kofter
Nyare pitesamiske kofter på “Dållågadden” i Tollådalen. Beltet til mannskofta er av generell nyare modell. (Foto: Olve Utne, 2017)

Gáppte – kofta

I eldre tider var det vanlig å bruke skilltja — kofte av ugarva reinskinn, men i nyare tid er det stort sett gáppte av vadmel som blir bruka. Både kvinne- og mannskoftene følgjer den sørlige tradisjonen med V-opning i halsen, og tradisjonelt med slähppá (barmklede). I snittet er den pitesamiske kofta relativt romslig, og ho ber noko preg av dressnitt. I kvinnekoftene går borden i halsopninga over i nakkeborden i éi linje, medan mannskofta har vinkel i overgangen og høg, opprett krage. Halsborden blir oppatteken ytst på erma. Kvinnekofta blir avslutta nedst med to eller fleire breie band med same mønsteret som halsborden, og med eit vove band, lissto, nedst. Mannskofta har ikkje desse banda, berre lissto som kanting nedst. Mannskofta har innlagte raude struvda, smale og dobbeltlagte tyrender mellom framstykket, bakstykket og erma; kvinnebunaden har ikkje struvda.

Det er tre variantar av bordar i pitesamisk område: Rette bordar, sikksakkbordar og broderte bordar. Den vanligaste i dag er sikksakkborden, og ei kofte med slike bordar blir kalla skárrjaldakgáppte. Bordane er gjerne breiare i ny tid enn tidligare.

NM.0090774 gåppto
Gåppto (tradisjonell kofte med open front og V-hals) frå Arjeplog.
NM.0090773 gappte (f) Arjeplog
Kvinne-gáppte frå Arjeplog.
NM.0136523 gappte (f) Semisjaur-Njarg
Kvinne-gáppte frå Semisjaur-Njarg lappby i Arjeplog.
NM.0135805 gappte (f) Luokta-Mavas.jpg
Kvinne-gáppte frå Luokta i Arjeplog.
Mann frå Beiarn kommune i pitesamisk drakt
Mann frå Beiarn kommune i pitesamisk drakt. (Foto: Norbert Kiss, 2005)

Slähppá – bringekledet

Slähppá er bringekledet. Halskragedelen er oftast brodert i tinntrådsbroderi som i lulesamisk drakttradisjon. Det karakteristiske med pitesamiske sliehpá (pl.) i motsetning til umesamisk tradisjon men i likheit med deler av lulesamisk tradisjon, er at bringestykket har eit større, rektangulært dekorområde med fleire farga felt med tinntrådbroderi på. Manns-slähppáen har blå grunnfarge i midtdelen av bringestykket og kvinne-slähppáen har raud. Ein annan variant er brodert i perlebroderi. Denne varianten blir sagt å vere innlånt frå umesamisk drakttradisjon, og han følgjer da òg umesamisk utforming med tversgåande striper i halvmåneform med perlebrodert stjernemønster.

NM.0090749 åhtsålähppá
Åhtsålähppá frå Arjeplog, innk. NM 1902.
NM.0135679 slähppá
Slähppá frå Mavasvuoma lappby i Arjeplog, innk. NM 1901.
NM.0090748 åhtsålähppa
Åhtsålähppá frå Arjeplog, innk. NM 1901.
NM.0073321 slähppá
Slähppá frå Tjärnberget i Arjeplog, innk. NM 1891.

Ávve – beltet

Det vanligaste beltet til den pitesamiske kofta er eit vove belte med duskar. Beltet er fleirfarga med ruter i blått for menn og raudt for kvinner. Til høgtider brukar mange eit arva stølbelte med same sort sølvstølar som til kvinne-nordmørsbunaden og med lauvheng eller mølnsteinsheng.

Båkså – bukser

I nyare tid blir det mest brukt bukser i vanlig vestlig snitt under mannskofta.

NM.0090775 båkså
Båkså – vadmålsbukse frå Arjeplog, innk. NM 1901.
NM.0090776 båkså
Båkså – vadmålsbukse frå Arjeplog, innk. NM 1901.

Gábmaga ja vuaddaga – sko og skoband

NM.0135682A-B vuaddaga (m) Arjeplog
Vuaddaga for mann, Arjeplog, innk. NM 1920. Denne typen heiter sjnjieraga.
NM.0135680A-B vuoddaga (f) Luokta
Vuaddaga for kvinne, Luakkta i Arjeplog, innk. NM 1920.
36524A-B vuaddaga (f) Mavasvuoma
Guosaga (skoband i granmønster) for kvinne, “Mavasvuoma” i Arjeplog, innk. NM 1920.
NM.0265752A-B vuaddaga f Arjeplog
Vuaddaga for kvinne, laga i Arjeplog ca. 1905, innk. NM 1963.
NFSA.3726AB gabmaga Beiarn
Gábmaga frå Beiarn. (Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum)

Hovudplagg

Den sjøsamiske drakta?

Hittil er det ikkje funne noko eksempel på bufinn- eller bygdefinndrakter i Sør-Salten. Det er dermed ikkje kjent om bufinnkofta låg nærmast arjeplogssamiske, tysfjordsamiske, umesamiske eller andre koftetradisjonar. Det vi likevel kan rekne med, er at bufinnkoftene hørte til den sørlige V-opningstradisjonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *